Vidsyn – Oksatjønn skulpturvandring

Besøk skulpturen Vidsyn på Vierli

Dette er ei skulpturvandring som byr på både utsyn og innsikt! På toppen av Vierlinuten tronar skulpturen Vidsyn.

Turen:

Lengde Vanskelighetsgrad Tid (uten pauser)
4 km t/r Middels 1,5 t

Last ned miniguide (PDF)

Skulpturen, som er laga av kunstnaren Hilde Mæhlum, er meint å vera til glede og forundring for fastbuande og farande folk.

Den polerte framsida av skulpturen er nemleg omvendt! Nasen går innover! Frå vårt fyrste år har hjernen lært seg at nasen på folk går utover og at augo ligg innafor. Men går du ein stubb unna, slappar av og myser med augo, så tek hjernen over og rettar opp det range. Nasen kjem utover og hjernen din har laga den fornuftige versjon av skulpturen – inni deg! Og kanskje endå rarare: går du sakte forbi og ser på skulpturen heile tida, så fylgjer han deg med augo. Står du austafor skulpturen ser han austover, står du vestafor ser han vestover! Han heiter såleis «Vidsyn» med rette.

Turbeskrivelse

Turen startar ved Vierli Kaféteria ved undergangen under fylkesvegen. Følg merka tursti til toppen av Vierlinuten (1100 m.o.h.). Her finn du skulpturen Vidsyn. Følg stien vidare over åskammen mot Oksatjønn. Løypa er delvis opparbeida med grus og går over i tørr sti. Det er nokre myrområder undervegs med klopper. Stien er godt merka og kan forlengast med å gå rundløypa Silkeldalen (4 km).

Image