Telemarkstunet Rauland Telemark

Telemarkstunet

Telemarkstunet er kjend for sine sommaraktivitetar. Tunet er ope frå juli til august.

Telemarkstunet er ope kl 11-16.  Ope kvar dag i sommarsesongen.

Telemarkstunet er ei samling av kopiar av gamle hus frå Rauland, som blei sett opp som eit tun fyrst på 1990-talet.

Velkommen til Telemarkstunet
  • Kafe i Gardsjordstoga
  • Steinomnsbakeri
  • Kling-og flatbrødbakeri
  • Handverksutsal
  • Sommarkurs

Tunet

På Tunet er det arbeidande handverkarar, Sjur bakar bollar og brød i gamaldags vedfyrt steinom kvar dag, Torbjørn og Karin lagar kling-og flatbrød og kafé er open for alle gjester. I låven er det handverksutsal med produkt frå meir enn 120 ulike kunsthandverkarar. Det er gratis entré.

Telemarkstunet ligg rett ved Raulandsakademiet, og ein finn desse husa på tunet:

  • Gardsjordstoga
  • Låven
  • Veslebur
  • Loftet
  • Låven
  • Årestoga
  • Eldhuset
  • Stallen
  • Badstoga

Låven

Låven er kopi av ei tradisjonell løe frå Vest-Telemark. På låven finn du eit handverksutsal med produkt frå omlag 120 ulike kunsthandverkarar. Det blir lagt vekt på norske produkt.

Låven er open kvar dag heile sommaren, i feriane og nokre helger før jul. Det er og høve til å bestille opning av handverkutsalget og omvisning på Telemarkstuent for grupper. Ta kontakt med kontoret på Raulandsakademiet, tlf 35 07 32 92.

Årestoga

Omlag ein gong i månaden er det konsert og kro i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

Desse konsertane vil også bli annonsera på heimesida vår.

Leige av selskapslokale

På Telemarkstunet har vi blant anna Årestoga, som ein kan leige om ein vil ha eit intimt og hyggeleg selskapslokale til feiring av ein stor dag. I Årestoga er det plass til å servere omlag 40 personar. Ta kontakt og få tilsendt vår festmeny. Det er i tillegg høve til å leige Årestoga og ta med maten sjølv. Ein fin måte å feire bursdag, bryllaup eller jubileum.

Privat kurs eller fest

Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. matlaging i Gardsjordstoga, baking i Eldhuset eller Årestoga, røyking av kjøt og fisk i Badstoga.